Buskspel: Voss/Bergen Bonanza

Arrangementsinformasjon

Endeleg! Buskspel er tilbake! No i foajeen i Gamlekinoen. 

I vår blir det annakvar veke konsert med nokre av dei beste indiebanda/konsepta i Norge (gled dykk til å sjå heile lista med band!)

Fyrst ut, BERGEN BONANZA! Med følgjande gjester: 

KAREN FADNES BRATTEBØ 

SVEIN ARE MØRKVE 

Heilt sidan Bergen Bonanza starta opp i Bergen i 2013 har det vore eit stort ynskje å booke konseptet til Voss. Det gjekk berre 8 år, så er vi der endeleg! "Bergen Bonanza er et månedlig konsertkonsept med fokus på country, americana, folk, alternativ country og vestkystrock. Husbandet spiller 2-3 sett, og får følge på scenen av et knippe gjesteartister, blant de beste artistene Vestlandet har å by på. 

Husbandet består rutinerte ringrever med fartstid i band som Good Time Charlie, The Last Hurrah!!, Shades of Blues, Casiokids, Alibiet, Silja Sol, Kiss Kiss King Kong og mange fleir" 

Husband: 

EINAR OLSSON 

EIRIK UTNE 

ÅSE BRITT REME JAKOBSEN 

LARS HAMMERSLAND 

OLE GUNNAR EIKELAND 

BUSKSPEL er ein konsertserie som starte opp på Voss i 2018. Banda og artistane er frå eit breitt utval av sjangrar innan pop, rock, americana mm, med fokus på små og mellomstore indieband. Det vil vere intime konsertar med nokre av dei beste artistane ein har på Vestlandet. Konsertane vil i hovudsak haldast på i Foajeen i Gamlekinoen, ca to gongar i månaden (med litt sesongvariasjonar). 

Buskspel er eit uttrykk mykje brukt innan folkemusikken, som handlar om uhøgtideleg og spontant spel utanom det ordinære konsertprogrammet. Det vil ikkje vere jam på Buskspel, men ein ynskjer på same vis å ha ei uhøgtideleg stemning, med nærleik mellom publikum og artistar, og ei overrasking eller to.

Restriksjoner

18 års aldersgrense.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.